Tilsvar på NFIF sin boikott av Skåla Opp

La Sportiva Skåla Opp har i år valgt å la bedriftsidrettslaget til Hotel Alexandra og Loen Active ha arrangøransvaret. Dette som ein reaksjon på NFIF si hasteinnføring av eingangslisens på mosjonsløp på fjorårets friidrettsting.



Bakgrunn: Forbundet sier nei til start i Skåla Opp.

Loen IL, som tidlegare har stått som medarrangør, har meldt seg ut av friidrettsforbundet etter eit samrøystes vedtak på lagets årsmøte.

Dette vart gjort fordi laget ikkje har friidrett på programmet.

Loen IL lokale organisasjonar og bygdefolket har i alle år delteke med stor dugnadsinnsats på Skåla Opp og fått tilført midlar, og samarbeidet vil halde fram.

Kondis, norsk organisasjon for kondisjonsidrett, har laga ein god og grundig kommentar om denne saka. Vennlegst ta deg tid til å lese gjennom denne http://www.kondis.no/kondiskommentaren-om-muskler-og-makt.5536026-141124.html.

Leiinga i Skåla Opp håper NFIF vil oppheve boikotten av deltaking for sine fremste løparar på årets La Sportiva Skåla Opp, og at startlisensen blir fjerna på neste års friidrettsting, og vi ønskjer eit fortsatt sportsleg og konstruktivt samarbeid.

Linker
* Hjemmeside for Skåla Opp.
* Se Motbakke.com sin Skålå Opp-side for løyperekorder, vær varsel, bilder med videre.


blog comments powered by Disqus


Mulig relevante artikler