Resolusjon: Rettferdig finansiering

Innan fristen er det kome inn meir enn 300 søknader med ein samla søknadssum på ca. 120 millionar kroner. Det vil seie at idrettslaga som har søkt kompensasjon i 2014 vil verte kompensert 55 prosent av betalt meirverdiavgift.



Stortinget innførte i 2010 ei ny ordning der idrettslag som byggjer eigne nærmiljø- eller idrettsanlegg kan søkje om kompensasjon for betalt meirverdiavgift (MVA). Med unntak av i 2012 har alle søkjarar fått hundre prosent i kompensasjon.

I statsbudsjettet for 2014 er det løyvd 55,8 millionar kroner. I forslag til revidert nasjonalbudsjett føreslår regjeringa å auke budsjettposten med ytterlegare 10 millionar kroner.

Innan fristen er det kome inn meir enn 300 søknader med ein samla søknadssum på ca. 120 millionar kroner. Det vil seie at idrettslaga som har søkt kompensasjon i 2014 vil verte kompensert 55 prosent av betalt meirverdiavgift.

Dette er urettferdig og vilkårleg for idrettslag som tar eit stort samfunnsansvar med å byggje og drifte idrettsanlegg landet rundt. Idrettslag som har søkt MVA-kompensasjon i 2014 vil vere idretten sine store taparar etter at ordninga vart innført. Ein slik situasjon er uholdbar for idrettslaga.

Leiarmøtet i norsk idrett forventar at Stortinget i samband med behandlinga av RNB 2014 aukar budsjettposten med ytterlegare 50 millionar kroner, slik at lokale idrettslag landet rundt ikkje vert skadelidande og forskjellsbehandla.

MVA-ordninga må vere utforma slik at idrettslag kan leggje til grunn hundre prosent kompensasjon ved planlegging og bygging av idrettsanlegg for barn og unge.

Leiarmøte i norsk idrett forventar også at regjeringa i statsbudsjettet for 2015 følgjer opp lovnadane om å endre idretten sin del av tippenøkkelen til 64%.


blog comments powered by Disqus


Mulig relevante artikler